Wednesday, July 16

Tårene triller

Ei stund lurte eg på om det var noko gale med meg.

Visste jo det var normalt at menn ikkje griner så mykje, men eg grein jo aldri. (Hugsar ein episode frå mitt tidlege hybelliv, då, men for nokre år sidan var eg absolutt kvalifisert til å vera jernmann på dette feltet, om enn på få andre.)

Men så - eg veit ikkje om det var med "Skjønnheten og udyret" det begynte. Men når Belle og Beast ser kvarandre i augo på slutten av Disney-filmen, så smeltar eg kvar gong. Og må halda klumpen i halsen inne.

Det blir verre og verre med åra. Slutten på Gladiatoren, når Russel Crowe skal få møte familien sin igjen og endeleg finn kvile og fred er eit sikkert klump-i-halsen augneblink.

Men etter eg fekk ungar har eg jo smelta heilt. Og her om kvelden var eg og såg "Mamma mia" på kino. Og når Meryl Streep syng "Slipping Through My Fingers", som startar med ei mor som ser barnet sitt vinka hadet når ho skal på skulen, så ser eg mi litle jente for meg som ho er no, snart to år gammal, med ei lita hand som vinkar hadet og verdas opnaste, gladaste og skjønnaste fjes, på veg til skulen.

Og kjenner at både Meryl og musikken treff akkurat det punktet i sjela der eg er skjørast. Og utan at eg har bestilt det, så er det ikkje bare klump i halsen, men noko som risler nedover frå augo mine.

Ut av skapet: Det er flott å grina på kino. Det bur jo eit hjarte der inni! Og eg har all rett i verda til å fella nokre tårer når eg tenkjer på dotter mi, og sonen min, og er ein del av den store felleskapen av menneske som kjenner hemlegdomen om å vera glad i eit anna, stort eller lite menneske.

Så kanskje eg må laga ei gruppe: "Men who cry at the movies?" Trur ikkje eg tek meg bryet. Men ikkje sjå på meg om du sit på sida av meg og det handlar om ungar, stor glede eller ekte, vanleg kjærleik på skjermen.

Det trengst ikkje meir enn ein teiknefilm før det blir gelé av meg.