Friday, March 31

Kven ender opp som blinde for Gud? (Mark 12,1-12)

Jesus fortel ein gong om ein mann som lagde seg ein vingard og forpakta han vekk. Då han sende folk for å få sin del av overskotet, ville ikkje forpaktarane gje dei noko, men slo, truga og drepte i staden utsendingane. Til slutt tok dei livet av eigaren sin son.

Denne forteljinga fortel Jesus som ei oppsummering av kva som hende tidlegare i historia i Israel. Dei jødiske skriftene fortel at Gud sende profetar for å leia folket etter sin vilje, men at folk oftast valde å ikkje høyra på dei. Jesus seier at slik går det ofte når Gud sender sine utsendingar. Folk trur det er dei som har monopol på sanninga og "eig vingarden", og så går dei hardt ut mot dei som kjem frå eigaren sjølv. I si eiga samtid møtte han dette: Han såg seg sjølv som Guds store utsending, men møtte mykje motstand frå si samtids presteskap, politiske leiarar og ekspertar på Gud.

Eg synest ikkje me skal bruka denne forteljinga til å seia at alle me ikkje er einige med er som dei onde forpaktarane, medan me sjølve er som utsendingane. Kven som har rett i vanskelege spørsmål kan me bare avgjera gjennom samtale og debatt, ikkje med å plassera folk inn i definerte roller.

I staden er heller denne forteljinga ei oppmoding til å vera audmjuk. Det kan henda at dei som me opplever at kjem utanfrå og krev noko som er vårt kanskje eigentleg representerer ei viktig sanning. Det var dét folk bomma på både i det gamle Israel og på Jesu tid. Gud kom på ein måte dei ikkje venta og fordi dei hang fast i eigne ønskje og gamle tradisjonar klarte dei ikkje sjå alt det gode og sanne profetane og Jesus sjølv kom med. Dei gjekk glipp av det som eigentleg var Guds utsendingar.

Både ekte søkjing etter sanninga og ein lyttande haldning er viktig for å ikkje hamna i same fella som dei vonde forpaktarane, folk i det gamle Israel og dei som avviste Jesus, han som kom rett frå Gud.

0 Comments:

Post a Comment

<< Home