Thursday, March 30

Statskyrkja

I dag har eg vore på foredrag om statskyrkjeordninga.

Eg har vore frikyrkjemedlem i over ti år, men er no prest i Den norske kyrkja. Då eg arbeidde som prest på Voss, blei eg statskyrkjetilhengar, fordi eg såg det hadde noko å seia for folk si tilknyting til kyrkja.

Der eg no arbeider har eg sett kva det betyr for kyrkja å ikkje ha kontroll over sin eigen økonomi, så det har ført meg i andre retninga igjen, pluss at eg alltid har meint prinsipielt at kyrkjeleg sjølvstyre er av det gode.

Om staten skulle ønskja å markera seg som kristen er det greit for meg, men slik er vel ikkje samfunnet no, sjølv om kanskje fleire legg noko i kyrkjemedlemsskapet sitt enn me ser viss me bare ser på gudstenestedeltaking. At tru og kan prega eit samfunn og handlar om meir enn bare "meg og Gud" er òg ein viktig tanke.

I dag var eg altså saman med andre tilsette og tillitsvalde i Stavanger bispedøme for å høyra Jens Petter Johnsen, som har vore med i stat-kyrkje utvalet og snart blir ny kyrkjerådsdirektør, snakka om det framtidige tilhøvet mellom kyrkje og stat.

Det er tre alternativ: Å halda fram om lag som i dag, å skilja kyrkje- og stat og å gje kyrkja så godt som fullt sjølvstyre men framleis gje staten plikter overfor kyrkja og halda på nokre politiske følgjer av at 85% av folket er medlemmer i Den norske kyrkja. Det er det siste fleirtalet i utvalet går inn for.

Mange i kyrkja kunne tenkja seg å skilja heilt i prinsippet, for å få større kyrkjeleg fridom. Det ville bli ei radikal endring som det kunne vera vanskeleg for ein så stor organisasjon som kyrkja å tilpassa seg på kort tid, spesielt viss finansieringa blir radikalt forskjellig frå i dag. Det kunne òg gje signal om ei ny type kyrkje og skapa uro mellom medlemmane. Det er òg tvilsomt om det store fleirtalet av medlemmer i kyrkja ønskjer eit slikt skilje.

Derfor har ei kompromissløysing mykje for seg. Det kan vera lurt å endra forhaldet mellom stat og kyrkje litt over langs. Det er flott at staten ønskjer å støtta kyrkja og andre trus- og livssynsfellesskap og så lenge han gjer det bør me takka og ta i mot. Det er alltid viktigst for kyrkja å lytta til Gud og til kva som skjer i menneskelivet, men ein stat som òg bryr seg om kyrkja kan me vera takksame for. Det trur eg me har, enn så mange konfliktar og problem som blir slått stort opp. Eg trur den retninga fleirtalet i stat-kyrkje-utvalet går i vil gjera det mogleg å framleis ha ei levande kyrkje med god tilknyting til alle typar medlemmar.

0 Comments:

Post a Comment

<< Home